11. september 25 år etter: Slik endret terrorangrepet måten vi tenker på
Då uskylda gjekk tapt
Det var ein gong at terror ikkje var det første ordet vi tenkte på. 25 år etter 11. september lever vi i ei anna verd.
11. SEPTEMBER: Åtaket på tvillingtårna endra ikkje berre silhuetten av New York, men ein heil tenkemåte.
Nordmenn er gutar som hugsar kor dei var 22. juli, og nordmenn er jenter som hugsar kor dei var 11. september.
Men alt er ikkje slik du minnest, og nokre ting ser du best på avstand.
Difor: Sett deg ned for å sjå den løpande dekninga til CNN på nytt.
Det er ei underleg oppleving.
Sjølv når det andre flyet treffer tvillingtårna, ventar programleiaren med å snakke om terror.
Tanken har nok meldt seg, men i staden spekulerer han høgt om ein mogleg IT-feil i navigasjonssystemet.
For noko må det jo vere.
Reddet fra infernoet av et par gode sko
Først éin time og ni minutt etter at det første flyet råka det nordlege tårnet vert namnet «Osama bin Laden» sagt høgt for første gong.
I dag er denne uskulda tapt.
Ikkje fordi terror er eit nytt fenomen. Det er det ikkje.
Baader-Meinhof, Brigate Rosse, Svart September, ETA, IRA, Lockerbie og flykapringar er ein del av historia om seksti-, sytti- og åttitalet.
Det nye er at terroren ikkje lenger er eit avgrensa politisk verktøy med spesifikke krav på ein utvald stad.
I staden har terroren flytta inn i ryggmergsrefleksen til oss alle, som ein vond sus.
Difor tek det ikkje lenger ein time før nokon seier t-ordet når ein bil meier ned ei folkemengd i Berlin, det smell........
