Kvifor bør kommunen kjøpa hytta til Åse-Marie Nesse?
Kvifor bør Klepp kommune sikre Åse-Marie Nesse si diktarhytte?
DEBATT: Mange lurer sikkert på kvifor nystarta «Åse-Marie Nesses venneforening» er så overtydd om at dette er viktig? Her kjem eit forsøk på forklaring.
Marianne Øvregaard«Åse-Marie Nesses venneforening»
Inni diktarhytta ved stranda på Sele – full av historie – opplever ein ei sjeldan ro. Og ånda etter ein av dei klokaste kleppsbuane som har levd sit framleis i veggane. Derfor er akkurat denne staden – med utsikt til havet og ein høg himmel – rette plassen å formidla den rike kulturarven etter vår nasjonalt godt kjende diktar: Åse-Marie Nesse.
I ei verd full av influensarar, knapt tørre bak øyra, men med allslags råd om korleis det er best å leva, treng vi innsikta og klokskapen til ei dame som verkeleg har vågd å leva livet. Ho søkte alltid etter kunnskap om det å vera menneske – på tvers av religionar, etnisitet, kjønn og andre skiljeliner som set menneske i bås.
I diktet «Til ei ung jente» (kan likeins vel vera ein ung gut!) står det mot slutten:
vesle søster, ikkje spør
kva alle andre ventar av deg
du skal leve dine svar
det finst vegar så vide........
