Kommunane må ta grep for framtida
Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Svært krevjande økonomi og store endringar i befolkninga pregar kommunane i Møre og Romsdal. Dei må endre drifta og ta kloke økonomiske val for å kunne tilby innbyggarane gode tenester.
Dei fleste kommunane i fylket står i ein stadig meir krevjande økonomisk situasjon. Mange har brukt meir pengar enn det dei har hatt i inntekter. Fleire har brukt opp sparepengane sine.
Dette gjer kommunane sårbare. Uventa utgifter og sviktande inntekter kan få store konsekvensar. Langsiktig økonomisk styring må til!
Mange kommunar har investert store summar i bygg, anlegg og infrastruktur. Mykje av dette har vore nødvendig, og kjem innbyggarane til gode. Samtidig har investeringane ført til auka gjeld.
Når rentenivået held seg høgt, må ein stadig større del av kommunen sine inntekter brukast til å betale renter og avdrag. Det betyr mindre pengar til drift, utvikling og tenester.........
