menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

-16.200 kroner i månaden? For ein forsørgar med to barn? Det er sjukt lite pengar.

16 0
26.04.2026

Kva får ein for 16.200 kroner?

KOMMENTAR: Den sikraste vegen ut av fattigdom er ein jobb. Men det er ikkje akkurat beine vegen for alle, som for eksempel for ein flyktning med barn.

Solveig G. SandelsonKommentator

16.200 kroner i månaden å leva for, etter skatt. For ein einsleg forsørgar med to barn på 6 og 8 år. Det er kva regjeringa har rekna seg fram til er det nye, riktige nivået for ein nyankomen flyktning med to barn. Den støtta kan dei få i opptil 5 år.

Det er omtrent 8500 kroner mindre kvar månad enn det ein tilsvarande norsk familie på sosialhjelp får. For eit heilt år? 100.000 kroner mindre enn sosialhjelp. Det er også rundt 8000 kroner mindre i månaden enn Sifo Sifo SIFO er en forkortelse for Statens institutt for forbruksforskning. SIFOs referansebudsjett viser alminnelige, rimelige forbruksutgifter for ulike norske husholdninger og brukes som en økonomisk standard for å beregne levekostnader. I dag er instituttet en del av OsloMetsitt referansebudsjett for ein slik familie. Som sjølvsagt ikkje har bil, og heller ikkje bruker pengar på SFO.

Bak dette ligg regjeringas ønske om å få fleire flyktningar ut i jobb. Det er viktig å få til det, for eiga inntekt er den sikraste måten å unngå fattigdom........

© Aftenbladet