Er det betre fylket får konsesjonskrafta enn eit datasenter i Sauda?
Datasenter på kortreist kraft, la verdiane bli i kommunen!
DEBATT: Ikkje ta frå kraftkommunar retten til å la datasenter få bruka konsesjonskrafta.
Harald Halvorsen LølandGruppeleiar i fylkestingsgruppa i Rogaland Senterparti
Norge treng digital infrastruktur. Datasenter er avgjerande for eit fungerande samfunn i 2026 – BankID, Helsenorge, flybillettar og Facebook. Å etablera datasenter der krafta blir produsert, har fleire fordelar, blant anna mindre behov for nye kraftlinjer og mindre effekttap.
Men når store datasenter blir etablerte i kraftproduserande kommunar, må vi halde fast ved eit grunnleggjande prinsipp: Dei som stiller naturressursane til disposisjon, må også få ein rettmessig del av verdiskapinga.
Difor reagerer eg sterkt på at Energidepartementet i pressemelding 6. mai 2026 omgjorde praksisen for konsesjonskraftordninga – og slo fast at datasenter ikkje lenger skal reknast som........
