menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Tok det dresskledde maktpersonar sa for god fisk

17 3
05.01.2026

Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

(Sogn Avis): Ein ting er at eg tykkjer dress er frykteleg ubehageleg å ha på. Strammar der eg ikkje er bekvem med at det strammar, blir frykteleg fort flekkete på ein som meg og har ein lei tendens til «spjæra» ein eller annan plass i midjepartiet.

Noko anna er dressen som statussymbol. Ei gong i tida var eg ein som tok det dresskledde maktpersonar sa og gjorde for god fisk, men livet har lært at det var naivt.

Under folkemøtet for Lærdal sjukehus i oktober var det eit på sett og vis illustrerande og vakkert augeblikk. Leiar i Årdal kjemiske fagforeining, Torleif Sand, kom fram på podiet i sin umiskjennelege slentrande stil med sixpence.

Først jøgla han med «æresgjesten», helseminister Jan Christian Vestre. So small Sand til: «Det veit du med bakgrunn som bedriftseigar at har du ein avdeling som går dårleg, med feilbudsjettering og skjulte avvik, so er det eit leiingsproblem. Og då er det kanskje leiinga i den avdelinga som bør effektiviserast, før ein går den jævla enkle vegen og kuttar arbeidsplassar i form av folk som gjer sitt aller beste».

Sand slentra attende og sette seg på plassen sin, medan rekkja Helse Førde-direktørar/-sjefar/leiar fremst i salen sat like strigla og stive.

Eg hadde ei stund før skrive eit debattinnlegg der eg la mykje av skulda for uføret i Helse Førde (og andre helseføretak) på sentralstyremaktene og helseføretaksmodellen. Eg har ikkje endra meining, men etter ymse som har kome fram i helsedebatten hausten gjennom held eg meir og meir med «sixpence-Sand» når det gjeld denne saka.

Ikkje minst etter å ha lese «nedleggingsutgreiinga» for ortopedien. Eg rekna med den skulle framstå solid, vasstett og uangripeleg – når direktørane i Helse Førde har ei årsløn på typisk to millionar ventar ein at dei er av dei aller beste i klassen på slikt.

Men etter kvart som eg les meg nedover stussa eg støtt og stadig over både formuleringar, utrekningar og «val av tal». Når folk eg har snakka med som har bakgrunn innan helse og/eller økonomi sit med same inntrykk, byrjar det å bli vanskeleg å halda fingrane frå tastaturet.

Og når sjefsdirektøren sjølv, Arve Varden, skryt uhemma av sine eigne sitt utgreiingsarbeid på Helse Førde sine nettsider, då klarar eg berre ikkje lata vera.

Les også: Skatten rammer sosialt skjevt

– Når det gjeld areal på Førde sentralsjukehus der den utvida ortopediske aktiviteten skal gå føre seg, består «analysen» av fem relativt korte avsnitt. Oppsummert står det her at drift- og eigedomsavdelinga meiner det er plass på nokre rom her og der – når det gjeld eksempelvis konsultasjon er det behov for «tre, kanskje fire rom». Så konklusjonen er at dette er «mogleg å få til» (rapporten sine eigne ord). Er det ein svært solid og tillitsvekkjande analyse av plassbehovet?

– Som kjent........

© Nettavisen