Debattinnlegg Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Me skriv 17. mai 2024. Den norske grunnlova er i år 210 år. Det er i seg sjølv god grunn til å vifta med flagget. Ei grunnlov som var ein av dei mest moderne og framsynte i si tid, og framleis er den lova som me tyr til om andre lover kjem til kort i dette landet. Den internasjonale situasjonen, ikkje minst i Ukraina og Gaza viser tydeleg kor avgjerande det er å ta vare på demokratiet vårt.

I år feirar me og at det er 750 år sidan Noreg fekk si første riksdekkjande lov, Landslova. Magnus Lagabøtes landslov var Europas tredje riksdekkjande lov, den første som faktisk fungerte. Lova etablerte eit rettssystem som vara i meir enn 500 år. Det viktigaste var at landet fekk éi lov som gjaldt for alle, og lova underbygde tingtradisjonane.

På tinget møtte folk som hadde eigedom og deltok i avgjersler og vurderingar av lov og rett. Dette var vidare bakgrunn for kven som fekk røysterett ved val. I dag har alle som er norske statsborgarar over 18 år røysterett.

Viktig

Landslova underbygde tingtradisjonen og var med på utviklinga av Noreg som og på den tida var eit relativt egalitært samfunn, der det var kortare avstand mellom folk og elitar og folkeleg deltaking stod sterkare enn i mange andre lands politiske kultur.

Landslova var viktig for riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814, der ein danna Noregs nye grunnlov som me feirar i dag. Namnet på vårt parlament, Stortinget, er og oppkalla etter den lange tingtradisjonen i dette landet.

Det er viktig at me markerar 17. mai, feirar grunnlova vår. Den som er vår berebjelke i folkestyret. Folkestyre er ikkje noko ta kan ta for gitt, men som me må passe på og hegne om. me har folkestyre når innbyggjarar tek ei aktiv rolle i samfunnsdebatten, stiller til val og stemmer ved val.

Les også

Ja, vi elsker og ærer dette landet

Les også

Den glemte høytid- også i Romsdal?

Les også

17. mai - opp før skuddene på Bautaen

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

QOSHE - 17. mai er ein dag for å feire folkestyret - Nils Bjørke
menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

17. mai er ein dag for å feire folkestyret

30 0
15.05.2024

Debattinnlegg Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Me skriv 17. mai 2024. Den norske grunnlova er i år 210 år. Det er i seg sjølv god grunn til å vifta med flagget. Ei grunnlov som var ein av dei mest moderne og framsynte i si tid, og framleis er den lova som me tyr til om andre lover kjem til kort i dette landet. Den internasjonale situasjonen, ikkje minst i Ukraina og Gaza viser tydeleg kor avgjerande det er å ta vare på demokratiet vårt.

I år feirar me og at det er 750 år sidan Noreg fekk si første riksdekkjande lov, Landslova. Magnus Lagabøtes landslov var Europas tredje riksdekkjande lov, den første som faktisk fungerte. Lova etablerte eit rettssystem som vara i meir enn 500 år. Det viktigaste var at landet fekk éi lov som gjaldt for alle, og lova underbygde tingtradisjonane.

På tinget møtte folk som hadde eigedom og deltok i avgjersler og vurderingar av lov og rett. Dette........

© Tidens Krav

Get it on Google Play