Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Kontrollutvala i Romsdal er vingeklipt etter vedtak i kommunestyra. Det vil sei at alle medlemmane i utvala ikkje fritt kan møte på hemmelege møter i samband med saker som kontrollutvala behandlar. Om det er likeins i dei andre fogderia i Møre og Romsdal veit eg ikkje.

Gjere si plikt

I kommuneloven står det: § 6. Kontrollutvalgets arbeidsmåte 4. avsnitt blir å lyde:

«Etter kommuneloven § 23-2, 4.ledd har kontrollutvalget rett til å være tilstede i lukkede møter i folkevalgte organ i kommunen. Retten skal kun benyttes når det er behov som følge av saker som kontrollutvalget følger opp.»

Så kjem det frå kontrollutvalssekretariatet eit tillegg som nu er vedtatt i Molde kommune og eg reknar med i dei andre Romsdals kommunane og:

«Kontrollutvalgets leder utøver denne møteretten på vegne av kontrollutvalget. Utvalgets leder kan la et av de andre medlemmene i utvalget utøve retten på sine vegne.»

I praksis betyr det at om eit medlem i eit kontrollutval vil undersøke ei sak utvalet har til behandling og som kjem opp i eit lukka møte kan vedkommande ikkje fritt møte opp og følgje behandlinga og slik gjere si plikt.

Legge band på

Eg foreslo at tillegget skulle tas bort då reglementet blei behandla i Molde kommunestyre og spurte også kven som hadde laga forslaget. Ikkje svar å få og etter eit halvt år har eg funnet ut at det er kontrollutvalssekretariatet som sjølv har lagt inn dette forslaget med utgangspunkt i ulike tolkingar frå kommunaldepartementet.

Etter mitt syn er dette å legge band på kontrollutvala og dei enkelte medlemmane der. Dette skjer i ei tid der behovet for kontroll på kva som skjer visar seg i alle ledd i folkestyret vårt.

Fjoråret var eit skrekkens år for Møre og Romsdal i så måte der store delar av administrativ toppleiing skjemte oss ut for heile landet med å lage selskap og styreplassar for seg sjølv. Politisk leiing klarte heller ikkje å rydde opp.

Kontrollutvalet i fylket var i full oppløysing der konflikten mellom utvalet og kontrolldirektøren lamma arbeidet. Noko som endte med at direktøren fekk eit stort erstatningsbeløp.

Striden der stod om fylkets forhold til det interkommunale selskapet Møre og Romsdal Revisjon og om kommunelovas bestemming om eit uavhengig kontrollutval.

Media, opposisjonen og kontrollutvala er dei som skal hjelpe folk flest med få med seg om dei som sitt med den utøvande makta gjer det som er vedtatt innafor gjeldande reglar.

Uavhengige utval

Som kommunestyrerepresentant er eg med bestiller forvaltingsrevisjonsrapportar via kontrollutvalet. Eg var skuffa då min kritikk av det arbeidet som har vore gjort blei stemt ned.

Kommunale leilegheiter som gjekk ned i standard og opp i pris for dei med minst betalingsevne i samfunnet skulle ikkje undersøkast. I høve Barnevernet skulle ikkje barna på institusjon, dei mest sårbare, undersøkast. Rapportar om økonomistyring som drøyar ut i tid og då ikkje blir det verktøyet dei kunne vere.

Kontrollutvala skal undersøke om det kommunestyra vedtar blir fulgt opp. I dei fleste kommunane er det laga klimaplanar som skal løyse det viktigaste for oss alle; korsen få utsleppa av klimagassar ned på eit nivå som gjer at vi hindrar global oppvarming?

Klimaproblema er uløyseleg knytt til kvar og ein av oss sitt forbruk og klimaplanane kan bli eit godt verktøy på vegen til eit utsleppsfritt samfunn.

Til det og til mykje anna trengs det uavhengige kontrollutval som tør og kan gå inn i sakene. Det gjer dei best om dei ikkje hindrast av eit over ivrig kontrollutvalssekretariat som foreslår at medlemmane ikkje fritt kan møte der dei vil for å gjere si plikt.

Les også

Administrativt bakholdsangrep

Les også

Hva skjer med Bolgneset framover?

Les også

Inhabilitet og konsekvenser

Les også

Sannheten om Bolgneset-saken

Les også

Møreaksen – eller gratis ferge og champagne til evig tid?

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

QOSHE - Korfor vingeklippe vi kontrollutvala i Romsdal? - Bjørn Jacobsen
menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

Korfor vingeklippe vi kontrollutvala i Romsdal?

5 0
11.03.2024

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Kontrollutvala i Romsdal er vingeklipt etter vedtak i kommunestyra. Det vil sei at alle medlemmane i utvala ikkje fritt kan møte på hemmelege møter i samband med saker som kontrollutvala behandlar. Om det er likeins i dei andre fogderia i Møre og Romsdal veit eg ikkje.

Gjere si plikt

I kommuneloven står det: § 6. Kontrollutvalgets arbeidsmåte 4. avsnitt blir å lyde:

«Etter kommuneloven § 23-2, 4.ledd har kontrollutvalget rett til å være tilstede i lukkede møter i folkevalgte organ i kommunen. Retten skal kun benyttes når det er behov som følge av saker som kontrollutvalget følger opp.»

Så kjem det frå kontrollutvalssekretariatet eit tillegg som nu er vedtatt i Molde kommune og eg reknar med i dei andre Romsdals kommunane og:

«Kontrollutvalgets leder utøver denne møteretten på vegne av kontrollutvalget. Utvalgets leder kan la et av de andre medlemmene i utvalget utøve retten på sine vegne.»

I praksis betyr det at om eit medlem i eit kontrollutval vil undersøke ei sak utvalet har til behandling og som kjem opp i eit lukka møte kan vedkommande ikkje fritt møte opp og følgje behandlinga og slik gjere si plikt.

Legge band på

Eg foreslo at tillegget skulle tas bort då reglementet blei behandla i Molde kommunestyre og spurte også kven som hadde laga forslaget. Ikkje svar å få og etter eit halvt år har eg funnet ut at det er kontrollutvalssekretariatet som sjølv har lagt inn dette forslaget med utgangspunkt i ulike tolkingar frå kommunaldepartementet.

Etter mitt syn er dette å legge band på kontrollutvala og dei enkelte medlemmane der. Dette skjer i ei tid der behovet for kontroll på kva som skjer visar seg i alle ledd i folkestyret vårt.

Fjoråret var eit skrekkens år for Møre og Romsdal i så måte der store delar av administrativ toppleiing skjemte oss ut for heile landet med å........

© Tidens Krav

Get it on Google Play