Høgresida vil sortere klassar ut frå sterke og svake. Det opprører meg
Debattinnlegg
Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Kva er dei viktigaste verdiane me nordmenn har bygd det moderne norske samfunnet på? Ser me attende på etterkrigstida, skil nokon fellestrekk seg ut: låg økonomisk ulikskap, like moglegheiter for alle uavhengig av bakgrunn og tryggleik for at du får hjelp viss du mistar arbeidet eller blir sjuk. Me har hatt ei grunnleggjande forståing av at fellesskapet gjer oss sterkare – at me har eit felles ansvar for naboen og for landet. Dette er verdiar som no må forsvarast.
Høgresida har i valkampen teikna eit bilete av eit Noreg i forfall. Det er difor mange som ikkje har fått med seg at i Arbeiderpartiet si regjering dei siste fire åra har fleire enn 160.000 menneske kome ut i arbeid, investeringane i næringslivet er høge og velferda har blitt styrka. Me veit at det har vore tøffe år, der uro i verda har påverka oss alle. Noreg er likevel blant dei første landa i Europa der pilene no verkeleg er i ferd med å snu - takka vera stødig styring og tøffe prioriteringar.
Mer om valget 2025
Vår jobb er å framleis ha ei stødig hand på rattet. Det er slik me skaper fleire arbeidsplassar og sikrar velferda for alle. Å få folk i arbeid er den viktigaste oppgåva me har. Arbeiderpartiet har innført ein ungdomsgaranti, som skal sikre at unge mellom 16-30 år kjem i arbeid eller utdanning. Noreg skal ha låg arbeidsløyse, høg deltaking og vera eit godt land å starte og drive næringsverksemd.
Me veit at høgresida vil bruke milliardar på lågare skatt for dei rikaste – men me veit ikkje kva konsekvensen blir. Det me veit, er at slike skattekutt alltid betyr kutt i velferd og fellesskapsløysingar. Barnehagepris, gratis SFO, gjeldssletteordning, studiestøtte, bustadsatsing, pendlarfrådrag, fagforeiningsfrådrag og styrka pensjon, er gode døme på korleis me prioriterer.
I skulepolitikken........© Drammens Tidende
