Debattinnlegg Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Stormen bibliotek er storstua vår, møtestaden som alltid myldrar av folk, arrangement, samtalar og bøker. Det er staden der det skjer læring, kulturformidling og kunnskapsdeling. Biblioteket er staden alle i byen kjenner, og som gjer det lett å seie: «Skal vi møtest på biblioteket?».

13.mai kunne vi lese dette i ei pressemelding frå Bodø kommune: «Som en del av Bodø kommunes omstilling reduseres kapasiteten ved Stormen bibliotek». Tørre, byråkratiske ord. Kva betyr det å redusere kapasiteten? Det seier pressemeldinga lite om, bortsett frå at opningstidene blir kortare og at biblioteket ikkje lenger er ope på søndagar.

Stormen bibliotek er noko av det finaste vi har i byen vår, og eg er glad for å kunne dele biblioteket med så mange andre. Biblioteket tilhøyrer oss alle, og det er vi som saman gjer det til ein så fin, open og inkluderande møtestad. Eg er frykteleg glad i biblioteket vårt, dette byrommet som vi alle deler og der vi alle har ein plass.

No er eg redd for at denne møtestaden skal bli mindre mangfaldig. Kva skjer med dei mange studentane og skoleelevane som brukar biblioteket for å lese og arbeide, og som fyller etasjane frå opningstid til stenging når eksamen nærmar seg? Kva skjer med barna som står i kø utanfor Stormen på søndags formiddag for å sikre seg plass på Digital kveld? Kva med damene i alle aldrar som fyller Speilrommet mandagskveldar for å strikke og lytte? Kva med dei nyankomne til byen, som nyttar biblioteket for å bli kjent med andre bodøværingar? Slik kunne eg halde fram, for dette huset rommar så uendeleg mykje. Det er ein del av kvardagslivet for oss som bur her, samstundes som det er ein nasjonal arena for debatt, kunst og kultur.

15. november i år kan Stormen bibliotek feire sine første 10 år. I dette jubileumsåret blir det altså redusert kapasitet i byens aller viktigaste kunnskapsbase og kulturelle arena. Dette skjer i det året Bodø er europeisk kulturhovudstad. Pinleg, umusikalsk eller rett og slett tonedøvt, Bodø kommune?

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

QOSHE - Tonedøvt, Bodø kommune? - Tone Magnussen
menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

Tonedøvt, Bodø kommune?

48 0
14.05.2024

Debattinnlegg Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Stormen bibliotek er storstua vår, møtestaden som alltid myldrar av folk, arrangement, samtalar og bøker. Det er staden der det skjer læring, kulturformidling og kunnskapsdeling. Biblioteket er staden alle i byen kjenner, og som gjer det lett å seie: «Skal vi møtest på biblioteket?».

13.mai kunne vi lese dette i ei pressemelding frå Bodø kommune: «Som en del av Bodø kommunes omstilling reduseres kapasiteten........

© Avisa Nordland


Get it on Google Play