Matjorda må kanskje få FN som advokat
Bort med matjord, inn med datasenter
DEBATT: Matjorda må kanskje få FN som advokat, for no ligg ho hjelpelaus utan noko form for rettstryggleik.
Torvald HadlandSauebonde, Time
Eg må innrømma at det er enkelt å liggja i 110 på firefeltsstrekka som dukkar opp mellom aust og vest. Eit transportbehov som ingen ante for 100 år sidan, og eit dagens behov for transport som kanskje ingen anar 100 år fram i tid. Asfaltreimer som stadig blir breiare og rettare. Tap av natur og matjord for å gjera det enklare å koma heim til Jæren med trøytte ungar i baksetet.
Datasenteret skuggelegg Jæren
Å svinga av ved Bue og møta Jæren frå Skjæret og ned mot Undheim etter ein ferie framkallar som regel ein klump i halsen. Denne gongen blei klumpen i halsen bytta ut med svie i brystet. Utsikta utover Jæren som brettar seg ut med nyslåtte kjelver, bølgjande sletter og velstelte gardar med havet i synsranda som berre Garborg kunne skildra, er stengt. I staden blir eg møtt av eit Mordor-liknande bygg som........
