menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Sosialdemokraten som vil stansa innvandringa

15 0
previous day

Innvandringskritikaren frå venstre

KOMMENTAR: Anders Magnus meiner Norge ikkje bør ta imot fleire innvandrarar nå. Går det an å seia når du er på venstresida politisk?

I boka «Innvandringens skyggesider» erklærer tidlegare TV 2- og NRK-journalist Anders Magnus seg som god sosialdemokrat. Endåtil med ungdommeleg bakgrunn som aktiv i eit SV-lag i Bergen. Magnus plasserer seg altså på venstresida i norsk politikk.

Men mange som les den nye boka hans, vil nok tenkja at Magnus ligg nærmare Frp i synspunkta sine på norsk innvandringspolitikk. Altså på den politiske høgresida.

Men treng eigentleg streng innvandringspolitikk vera eit høgrepolitisk standpunkt?

Fleire kritiske bøker

Boka til Magnus føyer seg inn i det som dei siste åra har blitt ei rekke bøker som stiller kritiske spørsmål ved norsk innvandrings- og integreringspolitikk.

I 2024 kom Venstres Abid Raja med boka «Vår ære og vår frykt». Raja meiner å sjå eit tilbakeslag i integrasjonen og at religionen – altså islam – spelar ei langt større rolle enn før. Han er ikkje veldig optimistisk og trur ikkje lenger det kjem til å gå seg til.

I 2025 kom innvandrar, mangfaldsrådgjevar og nestleiar i organisasjonen LIM (Likestilling, integrering, mangfold) Almir Martin med «Innvandringen som ikke gikk seg til». Boktittelen røper Martins syn på saka. Han meiner dei som kjem........

© Aftenbladet