menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

KI skal gi oss alt. Eller ta livet av oss

20 0
29.10.2026

Det store KI-paradokset

KOMMENTAR: Skal kunstig intelligens redda oss eller ta livet av oss? Effektivisera oss eller ta frå oss levebrødet vårt?

113 mistar jobben på Sparebank 1s kundesenter i Stavanger på grunn av nye brukarvanar.

DNB fjernar 400 stillingar på landsbasis og satsar på kunstig intelligens (KI).

I Storbritannia kuttar storbanken Barclays 5000 jobbar mellom anna som ei følgje av auka bruk av KI.

Ja, og i Time kommune kjempar dei med seg sjølv. Skal det byggjast eit nytt, gigantisk datasenter også på Kalberg? Eller held det i massevis med det omstridde senteret som nå reiser seg på Undheim?

For samtidig som KI trugar arbeidsplassane våre, får me beskjed om at me må investera enorme summar i infrastrukturen som skal gjera teknologien endå kraftigare.

Men kor mange datasenter treng me eigentleg? Kor mange har me kraft til? Kor mange arbeidsplassar vil dei gje?

Eg er neppe den einaste som kan bli litt matt av alt KI-maset. På jobben får me beskjed om at me må læra oss KI for å henga med, jobba smartare og bli meir effektive. Samtidig strøymer meldingane inn om jobbar som blir borte på grunn av den nye teknologien. Er det eigentlege poenget at me skal bruka KI til å........

© Aftenbladet