Brend to gonger, men ikkje knekt
Vi likar å tru at Noreg er annleis. Det er vi ikkje.
Dette er ei av dei historiene.
Mor mi heiter Aud Ovidie.
Ho vart fødd i 1937 på Hamnes i Skjervøy kommune, med kvensk og samisk slekt. Ho voks opp i Rotsundelv, der fleire språk, kulturar og livsformer levde side om side – slik dei alltid har gjort i Nord-Troms.
Ho var berre eit barn då krigen kom.
Og ho var berre eit barn då staten fullførte det krigen hadde byrja.
I 1944 vart Nord-Troms og Finnmark sett i brann. Heimar, fjøs, kyrkjer, naust, bilete, bøker – alt vart øydelagt.
Folk vart jaga frå heimane sine, frå jorda, frå gravene til slekta si.
Også mor mi vart tvangsflytta.
Då ho kom tilbake i 1945, var heimplassen hennar berre oske. Der det hadde vore liv, stod svarte ruinar att.
Men det verste var........
