menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Var det ikkje vaksne folk heime?

32 0
01.09.2026

Den siste tida har eg lese nokre av innspela, kommentarane og krava til Aura II-utbygginga, der mange vil «berge» reinen som det no blir jakta på.

NVE – Aura II Dei fleste innspela er frå organisasjonar og folkevalde organ. Ein skulle tru at desse hadde litt hald i argumenta og ikkje berre fantasi. Dessverre ser det ut til at mange av krava er sette fram utan at følgja er tenke gjennom. Ja, som det ikkje var vaksne folk heime.

Her er eit par-tre døme:

Eresfjord og Vistdal Fjellstyre hadde møte 24. august der dei mellom anna drøfta Aura II-utbygginga.

Fjellstyret kom med eit tillegg til den første uttalen, der dei mellom anna held fram kravet om tunnelar gjennom Torbuhalsen og ved Holbua, i tillegg til jordkabling av høgspentlinene forbi Torbuhalsen. Dei ville og sjølsagt ha pengar til seg sjølve……. Kostnadane med å bygge enkle, men brukbare vegtunnelar er gjerne meir enn 200 millionar kroner for kvar kilometer. Begge tunnelane vil bli vel 2 kilometer lange. Dersom ein legg dette til........

© Driva