menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

⁠–⁠ Kva gjer vi med råskapen blant unge?

4 18
previous day

KOMMENTAR: Når gjer vi det rette? Er det med straff og kontante reaksjonar unge kriminelle og deira bakmenn kan forstå? Eller bidrar vi til at råskapen blir endå råare då?

«Gjengene vet hvor det gjør vondest. Vi trenger et sterkt politi. Så ingen må leve i frykt i det som skal være verdens tryggeste land. For du sover kanskje godt om natten. Men hva med de vi er aller gladest i?»

Det har blitt fredag ettermiddag på Høgres landsmøte då Arina Aamir går på talarstolen. Og fortel at gjengane veit kor det gjer vondast. Det er dei unge ho innstendig ber landsmøtet hugsa på. Gjera dei trygge. Styrka politiet. Ho fortel om tenåringen som for få dagar sidan blei skoten og alvorleg skadd på T-banestasjonen på Stovner.

Eg trur vi kunne gått rett inn i den diskusjonen, frå alle kantar, vi som er foreldre, ungdommar eller politikarar i Sandnes eller Stavanger også. Uansett kva parti vi lener oss mot. For unge ranar unge, fleire går med kniv, og politiet arresterte nettopp fleire ungdommar for å ha planlagt å drepa ein tenåring.

© Aftenbladet