– Openheit om likningstala byggjer samfunnet
Redaktøren har ordet: Det er like sikkert som at julaftan fell på den 24. desember: Når skattelista blir offentleggjord nokre veker før jul, så blir det debatt.
I år er datoen for tal-sleppet 4. desember. Så då veit du kva som pregar nyheitsbiletet den dagen.
Er det eigentleg viktig med openheit om desse tala, eller er det berre ei moglegheit for folk til å snoke, grafse og kikke bak dei økonomiske gardinene til naboen?
Eit av dei mest sentrale argumenta for offentleggjering av skattetal, er at det bidreg til openheit. Det bidreg til ein open, opplyst debatt om økonomi og utviklingstrekk i samfunnet.
På den andre sida står omsynet til personvernet og offentleggjering av det som ein del ser på som private opplysningar. Dette er gode innvendingar.
Å balansere enkeltindividets rett til privatliv med behovet til offentlegheita for informasjon, kan vere ei krevjande oppgåve.
Den norske ordninga med offentlegheit rundt tala kan seiast å vere ein balansegang mellom dei ulike omsyna. Tala gir innsyn, men ikkje fullt innsyn.
Likningstala gir ikkje alltid eit presist bilete av kvar enkelt sin økonomi. Ein kan til dømes ikkje lese nøyaktig lønnsinntekt ut av listene.
Likevel gir informasjonen, enkeltvis og samla, eit bilete som har stor verdi i for offentlegheita.
Og argumentet om at likningstala kan gi eit feil bilete av ein privatøkonomi kan like gjerne brukast som........
© Strilen
visit website