Eg blir opprørt av å lese Statsforvaltaren si motsegn til regulerinsgplana for dei nye hyttetomtene i Meringdal i Eresfjord.

Hen bruker ein termonologi som ikkje stemmer med kart og terreng.

Statsforvatlaren skriv blant anna dette:

Av omsyn til dei nasjonalt viktige landskapsverdiane som gjer seg gjeldande i Eikesdalen vil det vere uheldig å legge til rette for inngrep som vil bli godt synleg for andre som oppheld seg i Eikesdalen. Vi kan ikkje sjå at samfunnsnytten til fire fritidsbustadar kan vege opp for dei uheldige landskapsverknadane.

Meringdal ligger i Eresfjord, ikkje i Eikesdal. Det er om lag 20 km frå Meringdal og sørover til Eikesdal. Mellom dei to bygdene har vi Vassgardane som ligg på begge sider av det 20 km lange Eikesdalsvatnet.

Hadde forventa at Statsforvaltaren kvalitetssikrar sine dokument før dei blir offentlege.

Statsforvaltaren framstiller det også slik at Meringdal ligger innafor grensa for landskapsverneområdet på begge sider av Eikesdalsvatnet. Det gjer det ikkje. Heile området innanfor Reitneset opp til Lomshaugen og vidare til Nonshaugen ligger utanfor verneområdet.

Statsforvaltaren viser også til kommuneplana og arealdelen for Nesset som er frå 2012. Ei 12 år gamal plan som burde vore oppdatert for lenge sia. Hen viser til denne og bruker dette som argument for at den foreslåtte reguleringsplana i Meringdal er i strid med LNF-områda i den gamle arealplana.

Det blir elles vist til den rasutsatte Meringdalsvegen, at større trafikk til fleire hytter vil kunne føre til auka risiko for ulukker. Det er allereie mange hytter i Meringdal. Pluss ein campingplass med 30-40 vogner. Pluss utgangspunkt for mange turfolk som startar turen derifrå opp mot Røndølskaret og Svartvassbu. Auka trafikk som følgje av dei nye fire hyttene vil utgjere berre ein liten brøkdel. Så lenge dette er ein kommunal veg må den uansett haldast vedlike av kommunen uavhenging om det blir fleire hytter eller ikkje. Desutan er folk klar over at vegen er stengt/ ikkje brøyta vinterstid.

Etter mi meining er det påfallande korleis Statsforvaltaren leitar etter argumenter mot reguleringsplana. Hen meiner store vindusflater på hyttene vil føre til lysforurensing. Hallo …!

Eg meiner ikkje at det skal vere fritt fram for å godta forslag til nye hytter. Men det må vere muleg å kome fram til skånsame løysingar innafor området slik planforslaget viser. Dette handlar også om at det må vere muleg med utvikling på bygdene!

Det har over mange år vorte bygd hytter i same område, og isolert sett bryter dei med deler av den gamle byggeskikken. Ei viss utvikling i byggestil og arkitektur meiner eg vi likevel må akseptere.

Både forslagsstillar og tiltakshaver har lokal tilknyting til området. Så sjølv om det blir vist til at det er ledige hyttetomter rett over på andre sia av Eikesdalsvatnet, på Åse/Øverås i Eresfjord, er det forståeleg at dei ønskjer seg tomter i Meringdal.

Dei siste åra har vi hatt ein positiv trend her i Eresfjord, fleire unge familiar med barn har slått seg ned i bygda. Det er med på å styrke framtida for både skule og nærbutikk. Det same vil tilrettlegging av hyttetomter og tomter for bustadbygging gjere.

Vi har mange hyttegjestar i bygda og det er plass til fleire. Det styrker både bygda Eresfjord og nabobygdene.

Innimellom har eg dessverre inntrykk av at slike tiltak blir forsøkt knebla både frå statleg og kommunalt hald.

Lat oss ikkje gjere det denne gongen.

Eresfjord 12/5-2024

Bjørn Magne Øverås

QOSHE - – Eg blir opprørt av å lese Statsforvaltaren si motsegn - Driva Author
menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

– Eg blir opprørt av å lese Statsforvaltaren si motsegn

52 0
13.05.2024

Eg blir opprørt av å lese Statsforvaltaren si motsegn til regulerinsgplana for dei nye hyttetomtene i Meringdal i Eresfjord.

Hen bruker ein termonologi som ikkje stemmer med kart og terreng.

Statsforvatlaren skriv blant anna dette:

Av omsyn til dei nasjonalt viktige landskapsverdiane som gjer seg gjeldande i Eikesdalen vil det vere uheldig å legge til rette for inngrep som vil bli godt synleg for andre som oppheld seg i Eikesdalen. Vi kan ikkje sjå at samfunnsnytten til fire fritidsbustadar kan vege opp for dei uheldige landskapsverknadane.

Meringdal ligger i Eresfjord, ikkje i Eikesdal. Det er om lag 20 km frå Meringdal og sørover til Eikesdal. Mellom dei to bygdene har vi Vassgardane som ligg på begge sider av det 20 km lange Eikesdalsvatnet.

Hadde forventa at Statsforvaltaren kvalitetssikrar sine dokument før dei blir offentlege.

Statsforvaltaren........

© Driva


Get it on Google Play