Trygt nok for eit skrøpeleg liv?
Trygt nok for eit skrøpeleg liv?
KOMMENTAR: Å vera prisgitt andres hjelp kan gjera deg redd. Den redselen må vi andre prøva å forstå. Før vi bestemmer kva som er trygt.
Solveig G. SandelsonKommentator
«Avvikene knyttet til den enkelte pasient er av liten generell interesse,» skreiv Stina Løkke første gongen Aftenbladet bad om innsyn. Løkke er direktør for helse og velferd i Stavanger kommune. Innsyna Aftenbladet bad om, var dei tilsettes rapporterte avvik i eldreomsorga. I heimesjukepleia og i sjukeheimane. Stavanger var den einaste av 15 kommunar i Sør-Rogaland som sa nei til det.
Jo. Det er av interesse
Vi treng å forstå dette. Vi som kanskje ikkje akkurat nå er pårørande til pleietrengjande eldre, vi som ikkje på mange år har vore i kontakt med verken heimesjukepleie eller vore innom ein sjukeheim. Vi treng å forstå, for det er eit stort felt, det gjeld mange, det trengst mange, det trengst tid og plass og folk og pengar. Som vi må ta frå ein stad. Eller la vera. Og vi forstår betre, viss vi får glimt av menneska som lever i dette.
Aftenbladet fekk til slutt innsyn også i Stavanger kommunes avvik, frå januar til mars i 2023. Over 3000 avvik, på tre månader. 500 av dei kan ha ført til uverdigheit for pasienten. 60 av desse igjen, har Aftenbladet sett på som alvorlege.
Dette er ikkje noko vi kan få ned i null, det er menneske, skrøpelege menneske. Dei blir jo ikkje i det store og heile passa på ein-til-ein, det er sjeldan ønskeleg, det kan........
