menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

Blir politikarane i Vindafjord lurte, eller har Vindafjord kommune for mykje pengar?

15 1
14.10.2024

Debattinnlegg Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Den siste utviklinga rundt Vindafjord kommune og havvindprosjektet i Vikebygd, med Dommersnes AS – óg kjent som Windafjord Port – reiser ei rekkje alvorlege spørsmål om kommunen er på veg inn i ei felle, eller om det rett og slett er så mykje pengar i kommunekassen at ingen bryr seg om risikoen. Formannskapet blir av kommunedirektøren 15. oktober bedt om å skyta inn fem millionar kroner i ein emisjon, som del av ein samla kapitalinnsprøytning på ti millionar kroner saman med Westcon Yards.

Var dette føresett då Dommersnes AS vart etablert? Skulle ikkje første del av prosjektet gå utan at kommunen måtte bidra med meir kapital? Tidlegare utsegner frå kommunestyret og aksjonæravtalen indikerte at fase 1 kunne gjennomførast utan at kommunen måtte investera ytterlegare midlar. Det er derfor bekymringsverdig at kommunen no brått blir beden om å skyta inn pengar – ikkje minst for å løysa ut fritidseigedommar som etter all sannsyn ikkje er naudsynt før i fase 2. Kvifor skal ein bruka pengar på dette no, og kvifor pressar Westcon Yards kommunen til å handla?

Westcon Yards AS, som eig 50 % av Dommersnes AS, ser ut til å manøvrera seg til ein posisjon der dei kan pressa kommunen både økonomisk og politisk. Det er ein reell risiko for at kommunen kan bli vatna ut som aksjonær ved denne eller neste emisjon dersom dei ikkje klarer å følgja opp med kapitalinnskot. Skal verkeleg kommunen, med dei avgrensa ressursane sine, drive næringsverksemd med pengane til innbyggjarane og driva eit selskap saman med ei stor lokal industribedrift? Dette reiser óg eit anna spørsmål: Kvifor har ikkje eigedommen på Dommersnes i Vikebygd vorte freista seld på den opne marknaden, i staden for å gå inn i eit felles selskap med Westcon Yards gjennom Dommersnes AS?

Like urovekkjande er den enorme økonomiske risikoen knytt til flytande vindkraft. Som mange ekspertar har påpeika, er denne sektoren prega av stor kommersiell risiko, og det er svært uvisst om han nokon gong vil bli lønnsam. Sprenginga av inntil 500 dekar i Vikebygd for å gjera plass til utviklinga vil vera ekstremt kostbar, og dei samla kostnadane vil truleg utgjera fleire milliardar kroner. Har kommunen verkeleg tru på at Dommersnes........

© Haugesunds Avis


Get it on Google Play