menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Lesarinnlegga er viktige for demokratiet

10 0
yesterday

Eg blar meg alltid først fram til lesarinnlegga

DEBATT: Lesarinnlegg er viktige. Difor bør Aftenbladet bruka meir plass på dei.

Eg har kanskje ein uvanleg vane når eg les ei avis. I motsetnad til ein del andre begynner eg ikkje med dødsannonsane. Det første som eg blar meg fram til, er Debatt.

Om eg er heldig, kan eg her finna innlegg om kva såkalla «vanlege folk» er opptekne av, og kva dei tenkjer om ulike side ved samfunnet vårt, og det gler meg i særleg grad når eg finn meiningar som ikkje er «politiske korrekte», som ikkje er eit «ekkokammer», som ein altfor ofte kan finna i dei ulike media. Det som eg set pris på, er tekstar som stiller spørsmål ved aksepterte meiningar utan sjølv å koma med sikre svar.

Viktige for demokratiet

Eg ser på lesarinnlegg som ei viktig side ved demokratiet vårt. Lesarinnlegga er uttrykk for engasjement blant folk, og skal eit demokrati fungera, er engasjement den viktigaste føresetnaden. Eg kan ikkje på nokon........

© Aftenbladet