menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Nytt teater og museum: Nå begynner Stavanger å spara

26 0
24.10.2026

Lurt å begynna å spara, ja

KOMMENTAR: Nytt teater og museum i Stavanger vil bli dyrt. Då er det lurt av Stavanger kommune å begynna å spara.

Eigentleg liknar kommunedirektørens forslag på noko me alle kan kjenna oss igjen i: Ønsker du deg noko dyrt og fint du strengt tatt ikkje har råd til, er det lurt å begynna å spara.

I forslaget til handlings- og økonomiplan (HØP) for dei neste fire åra, foreslår kommunedirektøren at Stavanger kommune set av 50 millionar kroner i året til nytt teater og museum. Det inneber 200 nye millionar kroner over fire år. Og at det dermed er sett av pengar til å ta fatt med bygginga frå den dagen prosjektet eventuelt får grønt lys.

Dei kommunale pengane kjem på toppen av dei private som allereie er på plass. For få veker sidan overleverte Sparebankstiftelsen SR-Bank ein sjekk på inntil 200 millionar kroner til det ambisiøse kulturprosjektet i Kannik. Men i praksis dreier det seg om 400 millionar private kroner, sidan eit vilkår er at prosjektet klarer å dra inn 200 private millionar til for å gi full utteljing.

Skulle kommunedirektørens forslag bli vedteke og den private givargleda gå etter planen, vil museumsteaterprosjektet ha på plass 600 lokale........

© Aftenbladet