menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

Melkøya og klimaet

40 0
26.04.2024

Vi – befolkninga i Noreg – er avhengige av vasskrafta, men ikkje av oljen og gassen, som i hovudsak blir eksportert og brent i utlandet. Noreg er ein av dei ti største globale eksportørane av klimautslepp, om lag 500 millionar tonn CO2-ekvivalentar i året (faktisk.no). Slik er vi med på å drive klimakrisa.

Når olje- og gassproduksjonen blir elektrifisert, blir gassturbinar erstatta med kraft frå nettet. Gassen som blir til overs, blir selt til utlandet og brent der, og utsleppa går ut i atmosfæren. Dette er kjent.

Då regjeringa vedtok elektrifisering av gassanlegget på Melkøya 8. august 2023, fekk Equinor beskjed om at 5,8 milliardar standard kubikkmeter gass ville bli frigjort for sal (Energidepartementet 08.08.2024). Men i regjeringsvedtaket heiter det at elektrifisering av Melkøya er «det største, enkeltstående klimatiltaket besluttet av en norsk regjering».

Det er ikkje eit klimatiltak. Klimakampen skal ikkje ha skylda for Melkøyaprosjektet, som vil forlenge dei globale utsleppa, medan hetebølgjene i Europa tar nye liv og millionar menneske i verda er ramma av tørke og matmangel.

Bakgrunnen er at olje- og gassressursane minkar, og vil falle sterkt etter 2030........

© Ságat


Get it on Google Play