menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

Quo vadis, Todalsfjordprosjektet?

11 0
06.11.2024

Sist veke hadde eg den siste dagen min som dagleg leiar i Todalsfjordprosjektet (TFP) AS, så no skiljast våre traséar, etter tre innhaldsrike år. Da eg gjekk inn i denne rolla i 2021, var eg innforstått med at det å vere pådrivar for eit ferjeavløysingsprosjekt er som eit ultraløp; draumen om ein ferjefri Todalsfjord passerer i år ei mellomtid på 85 år. Og slik rammevilkåra er no så har løpet fått nye og høge hinder, på det som forhåpentlegvis vil vere den siste og viktigaste etappen. Vi må innsjå at det er uvisst kor vegen går vidare for dette livskritiske prosjektet for indre Nordmøre og regionen.

Det er mange årsaker til at status quo er som den er, med kombinasjonen galopperande kostnadar og haltande fylkesøkonomi – faktorar som ligg utanfor selskapet og prosjektets rekkjevidde – som dei to viktigaste.

Vi i TFP AS kunne sikkert òg gjort ting annleis. Det eg føler vi kanskje har lykkast minst med er å få politikarane og andre til å ta innover seg at den løysinga som er vedteke er for dyr og synast urealistisk å gjennomføre. Det siste året har det vore prøvd, gjennom informasjonsmøte til både kommunar og fylket, godt støtta av ekspertane i Oslo Economics, å påpeike at fylket sin skjøre rygg ikkje kan bere dei låneutgiftene som Todalsfjordprosjektet, slik det no framstår, vil lesse på dei. Oppmodinga har vore å sjå på andre og rimelegare alternativ til veg/bru/tunel frå Åsbøen, via Svinvik, til Ålvundfossen, trass i at dei fleste har delt kommunane si meining om at den løysinga, i ei ideell verd, kunne vore den beste.

Det var òg grunnen til at TFP AS var positive til vedtaket i 2022 om å utgreie undersjøisk tunnel frå Åsbøen til Fossen, samt at styret i........

© Driva


Get it on Google Play