menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Det verste var ikkje at han mislikte hijaben min

25 0
03.11.2026

Er eg ikkje eit menneske før eg tek av hijaben?

DEBATT: Eg skreiv om menneskeverd og integrering. Så fekk eg ei privat melding på Facebook frå ein mann eg aldri har møtt. I staden for å diskutere det eg hadde skrive, valde han å dømme meg, trua mi og barna mine ut frå korleis vi kler oss.

Samah RahmehFlyktning fra Syria Elev i VG3 ved Voksenopplæring, Stavanger

17. oktober publiserte Aftenbladet innlegget mitt om korleis muslimar blir haldne ansvarlege for handlingane til menneske dei ikkje kjenner. Eg skreiv om retten til å bli sett som eit sjølvstendig menneske, ikkje redusert til ein stereotypi. Kommentarfeltet var stengt, men 23. oktober sende ein mann meg likevel ei privat melding. Eg er ikkje så ofte inne på Messenger, og oppdaga derfor ikkje meldinga før 1. november. Eg skulle ønskje eg hadde late vere å opne innboksen den dagen.

Mannen skreiv at eg aldri kom til å bli integrert i Norge så lenge eg gjekk rundt som ein «levande reklame for islam». Han kritiserte hijaben min, kleda mine og måten eg kler barna mine på. Han påstod òg at eg meinte eg var betre enn andre fordi eg ber hijab. Han kjenner meg ikkje, men meinte likevel å vite både kva eg tenkjer, og kvar eg høyrer til.

Kan eit tøystykke stå i vegen?

Det som gjorde mest vondt, var ikkje at han mislikte........

© Aftenbladet