Ordrikt frå og om «Den tause generasjon»
Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Dordi Skuggevik har skrive ei bok på vel 1.000 sider under tittelen «Den tause generasjonen». Den dreier seg først og fremst om Nasjonal Samling og farfaren og faren, to av nøkkelpersonane for NS på Nordmøre.
Totalt hadde NS ca 55.000 medlemmer i Noreg i kortare eller lengre tid under siste verdskrigen.
For historikarar og historieinteresserte er det ei interessant bok, sjølv om boka inneheld mange oppattakingar og mykje stoff som eg vil tru først og fremst er av interesse for den næraste familien. Som ei bok som er meint å skulle informere folk flest og til støtte for synspunkta om kor hardt plaga forfattaren og familien og NS-medlemmane generelt har vore etter krigen, kunne nok boka – etter mi meining – vore vesentleg redusert.
Når boka er blitt så stor, heng det nok saman med at forfattaren har hatt eit stort behov for å vise kor svært nettverk Skuggevik-familien hadde. Og at Ole Kristensen Skuggevik var ein sentral person på Nordmøre og i landet i si amtskolerektortid og med sitt engasjement i bondelaget og bondepartiet fram til godt utpå 1930-talet, er det ingen grunn til å tvile på.
Han fekk da også kongens fortenestemedalje i........
