17. mai: En tvungen dugnad
Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger.
(Bergensavisen): Eg kjenner det allereie i kroppen. Den stille panikken. Den som kjem snikande kvar gong mobilen vibrerer – fordi vi alle veit kva det betyr no.
Ein dag for is, barnetog, flagg og nasjonal stoltheit. I teorien. I praksis? Eit prosjekt så omfattande at det får bryllupsplanlegging til å framstå som ei kjapp SMS-gruppe.
Det startar månader før med meldingar i klassens Messenger-gruppe:
«Hei alle! Vi treng nokon som kan bake kake til feiring i Ågotneshallen»
«Vi treng vaktar! Gjerne tre til kvar post – og hugs å møta opp minst ein time før.»
«Kan nokon henge opp pynt? Henta gevinstar? Sette opp fiskedam? Rydde etterpå?»
Og dersom du er så frekk at du ikkje skal vere med på sjølve feiringa i Ågotneshallen, då kjem den: «Du skal vel i alle fall bidra med ei kake, sant?»
Heile konseptet «frivillig» har her ute fått ein ny definisjon. Her er det ingen tvang – men den som ikkje vil kome, den........
