Myhre er ein utsett politikartype. Det er trist for lokaldemokratiet
Der spøkar straffar seg
GJESTEKOMMENTAR: Eit av dei største politiske talenta i regionen gir seg med politikk etter intern strid. Måten det skjer på, liknar handlinga i litterære klassikarar om absurd maktbruk.
Svein Erik TuastadStatsvitar og dr. polit., UiS
For å forstå kva som skjedde med det politiske stjerneskotet Kine Myhre, har eg både snakka med henne sjølv og fleire som har vore sterkt kritiske til henne. To versjonar står mot kvarandre.
Toler vi ikkje annleis politikarar som snakkar rett frå levra? Handlar det mest om at når maktmenneske vert utfordra, har dei sine metodar for å slå tilbake?
Eller koker det heile ned til ein i overkant ivrig, ambisiøs og tidvis kanskje illojal enkeltpolitikar?
Alle politikarar må syne ein viss lojalitet. Men i politikken i dag er det, slik eg ser det, eit større problem at den jamne politikartypen knappast evnar å kommunisere klart og nå ut.
I denne første «favørversjonen» vert Myhre eit offer for skite spel frå folk som ikkje tolte ein utfordrande nykommar.
Då eg sjølv vart merksam på Kine Myhre, tenkte eg at her er det ei som våger å snakke rett ut samstundes som ho såg ut til å ha god innsikt i sakene. Ho kombinerte det som i den politiske sosiologien vert kalla «låg» kontra «høg politikk» – på den eine sida snakke ufiltrert som «ein av oss», slik til dømes........
