Dersom krisa slår til |
I den seinare tid har det vore mykje fokus på beredskap, og eg er ikkje så sikker på om folk egentlig har tenkt over kva dette kan innebere.
Dei aller fleste har aldri eller i svært korte perioder vore utan straum og internett. Men korleis vil det vere dersom katastrofa verkeleg slår til med ei nedetid på 10 dagar.
Korleis vil vi handtere dette?
Eg har laga ei lita forteljing om dette som kan illustrere denne krisa
Då mørkret fall over Ulsteinvik
Dag 1: Straumen går – og Ulsteinvik vert stum
Ein iskald novembermorgon slokna lysa i Ulsteinvik. Først trudde folk det var eit vanleg straumbrot, men etter kvart som timane gjekk vart det klart at dette var noko større. Mobilnettet byrja å svikte alt etter få timar, og innan ettermiddagen var det heilt dødt.
På rådhuset vart kriseleiinga kalla saman. Det første som slo dei var ikkje berre tapet av straum – men tapet av samband. Utan samband visste ein ingenting:
• Kvar var feilen?
• Kor lenge ville dette vare?
• Var liv og helse i fare?
• Kva med dei sårbare innbyggjarane?
Ingen visste, for ingenting kom inn, og ingenting kom ut.
Kriseleiinga skjøna at den største fienden ikkje var mørket – det var mangelen på påliteleg informasjon.
Dag 2: Samfunnet søkk inn i tausheit
DAB-radioane fall ut då fiberen kollapsa. Internett var borte. Mobilane........