menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

Nynorsk og bokmål må inn i Grunnlova

23 0
15.05.2024

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det er på høg tid å grunnlovfesta norsk som nasjonalt hovudspråk i Noreg og grunnlovfesta jamstillinga mellom bokmål og nynorsk.

Den formelle likestillinga mellom bokmål og nynorsk må sikrast ein sterkare og tydelegare rettsleg status. Noregs Mållag ynskjer at norsk, både bokmål og nynorsk, skal grunnlovfestast som nasjonalt hovudspråk. Det vil vera viktig særleg for nynorsk, som det minste av dei to norske skriftspråka.

Sterkare vern

I dag er det berre samisk språk som har eit vedteke grunnlovsvern (paragraf 108). I paragraf 114 er norsk språk indirekte grunnlovfesta gjennom kravet om å måtta tala «språket i landet» for å bli utnemnd til embete i staten. I lov om språk (språklova) blir det slege fast at norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Det bør også stå i Grunnlova.

I ei globalisert verd treng norsk språk eit sterkare vern enn tidlegare. Det er mange land som ser dette. Ifølgje databasen Constitute finst det 148 land i verda med grunnlover som inneheld føresegner om nasjonalspråk. 97 land har grunnlover med føresegner som på ulike vis vernar språkbruk. Det er i dag meir vanleg at statar omtalar........

© Tidens Krav


Get it on Google Play