Kommuneøkonomi i revers
Debattinnlegg Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Høgre meiner forslaget til nytt inntektssystem for kommunane må sendast tilbake. Regjeringa må gjere ein betre jobb for kommuneøkonomien.
Kommunane er grunnmuren i det norske demokratiet og dei fremste leverandørane av velferdstenester i lokalsamfunna våre. Ein god og føreseieleg kommuneøkonomi er eit viktig fundament for det norske velferdssamfunnet. Utviklingstrekka i samfunnet gjer at kommunane i åra framover må være førebudd på store omstillingar.
Vi blir stadig fleire eldre, levekårsutfordringane aukar og fleire fell utanfor arbeidslivet og skulesystemet. Mange kommunar slit med å tiltrekke seg næringsliv, har svake kompetansemiljø og klarar ikkje å levere lovpålagte tenester til innbyggjarane sine.
Reverseringar
Høgre meiner at kommunane sitt inntektssystem skal sikre eit likeverdig tenestetilbod og eit sterkt lokalt sjølvstyre i heile landet. Det er difor naturleg å gjennomføre jamlege oppdateringar av inntektssystemet. Dessverre ser vi at Støre-regjeringa sitt forslag ikkje svarar på utfordringane som norske kommunar står i. Det er det ikkje berre Høgre og eg som meiner. Fleire kommunar, uavhengig av om dei kjem betre eller dårlegare ut med det nye inntektssystemet peikar også på........
© Tidens Krav
visit website