Bunaden må romme både dei som har fagbrev og dei som har lyst til å prøve |
Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Når bunadbruk- og handverk berre kjennest mogleg på bestemte premissar, blir bunaden mindre folkeleg. Vi treng fagkunnskap, men vi treng òg tillit til at folk kan lære, prøve og bruke bunaden utan å «ha alt klart».
Kvar vår blussar debatten kring bunaden opp. Må eg ha hovudplagg? Kan eg bruke joggesko? Kva med silketørkle og fargerike skjorter? Slike spørsmål kjem att år etter år. Det meir interessante å spørje seg er heller: Korleis kan fleire få reell tilgang til bunaden: som plagg, handverk og kulturarv?
Bunaden er meir enn eit festplagg. I 2024 vart Bunadbruk i Noreg, tradisjonshandverk og sosial praksis skriven inn på UNESCO si liste over immateriell kulturarv. Det minner oss om at kulturarven ikkje berre ligg i stoff og sølv, men og i bruken og i kunnskapen som går i arv mellom menneske.
I bunadmiljøet har det vore peikt på ei uro: Handverkstradisjonar kan bli svekte dersom terskelen for å lære og å delta blir for høg. Når færre kjenner at dei kan setje seg inn i bunadssaum, reparasjon og vedlikehald, mistar vi noko av det folkelege kunnskapslaget bunadtradisjonen kviler på.
Samstundes må vi halde fast ved noko som òg er sant: Fagkunnskap er heilt avgjerande.........