We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

Pasientane får rekninga for svak styring

2 0 0
13.02.2019

LeserbrevSituasjonen og utviklinga i Helse Møre og Romsdal er lite tillitsvekkjande om dagen. Eg skriv denne kronikken m.a. som tidlegare nestleiar i Helse- og sosialstyret i Møre og Romsdal (1992-95). Den tida var sjukehusa i fylket eit fylkeskommunalt ansvar. Mykje kan seiast om det, men det var i alle fall då politikarar som kunne stillast til ansvar for utviklinga i helseinstitusjonane.

I dag er innbyggjarane vitne til ein kaotisk situasjon, samtidig som den øvste ansvarlege politikaren, statsråd Høie, sit musestille på stor avstand. Han overlet til dei han ein gong kalla ansiktslause byråkratar å rydde opp i kaoset og kutte i kostnadene.

Det arbeidet som no er i gang om rehabilitering er eit godt døme på pulveriseringa av ansvar. Dei som kjenner dette fagfeltet veit at institusjonane på Mork og i Aure gjer særs viktig, nødvendig og fagleg godt arbeid for slagpasientar og andre i den avgjerande næraste tida etter akuttbehandling på sjukehus. Alle historiene som dagleg strøymer inn til avisene, stadfester den fagleg viktige jobben som vert utført. Ingen andre kan erstatte det fagleg........

© Tidens Krav