Folk burde stå på barrikadane med krav om avgang for dei ansvarlege
Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Det har vore ei rekkje med innlegg om den økonomiske situasjonen i helseføretaket i seinare tid.
Slik eg har høyrt at det er høgt under taket og breie korridorar, men sengetalet på Høgst er identisk med sengetalet i det gamle Molde sjukehus. Dette medfører at liggetid for pasientane må snevrast inn til eit minimum.
Då oppstår slike hendingar: Ein pasient blir skriven ut og sendt heim med buss. Pasienten går av bussen og besvimer. Ledig ambulanse kjem raskt til og pasienten er straks attende på Hjelset. Tyder slik drift på at det trengst færre ambulansar? Eller det at ein trafikkskadd pasient med brotskadar blir sendt heim i fire månader med smertestillande i vente på operasjon. Kvar vart det av kirurgane i Kristiansund?
Fotfolket spring det dei maktar. Godt betalte konsulentar greier likevel ut korleis fotfolket skal springe enno litt raskare. I ferietida blir dei for ein del erstatta av studentar frå ingeniørstudium utan helsefagleg bakgrunn. Pengar spart er pengar tent.
Regjeringa sende........
