Bruk bunaden din med glede

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

«Hurramegrundt! Nå har jeg endelig funnet ut hvilken bunad jeg faktisk har. Det er litt småkjedelig å ha en bunad i åtte år, og når folk spør hvilken bunad jeg har, så er jeg ikke helt sikker gitt. Men nå vet jeg i allefall at det er så meget som en Jordebunad!»

Kjappe googlesøk på ordet «bunadglede» gjev til dømes treff som vist over på sosiale medium. Eksempla er mange. Nå nærmar den verkeleg store bunad-dagen seg, og bunad er viktig for folk. Bunad er historie og identitet, det er viktig for den enkelte kvar den er frå, kven som har laga den og kven som har brukt den før deg.

Bunaden er kanskje det einaste plagget som veks i verdi dess lenger den har vore i bruk og til eldre den blir. Du kler ikkje berre på deg ull, sølv, broderi og «gammalt ræl». Du kler på deg historie, identitet, tilhøyrsle, noko bestemor har brukt som barn og ungdom, noko oldemor eller ei grandtante har sydd og streva med ut over dei seine nattetimar, eller noko du har arva etter bestefar og far – rett og slett eit omslyngande, kosteleg smykke.

Vi brukar bunaden som nord-amerikanarar brukar slektsrøtene sine. Er det ein fling av svenske eller nordmann der, så er den rekna med. Dette illustrerer korleis vi alle har eit behov for å høyre til, treng å ha ein link til røtene våre og kjennskap til kvar vi stikk ut frå. Bunaden illustrerer noko av det same. Det er både viktig, artig og spennande å vite kvar den kjem frå, kven som har hatt den tidlegare, står bak handverket på dei ulike delane, eller kvifor fargen er slik og blomane og mønstra sånne.

Kunnskapen i kjensler og kropp

Kanskje har bunaden din musetaggar, plattsaum, franske knutar, kjedesting eller trådhemper? Kanskje har den nupereller, primhol eller telebinding? Alt dette er viktig immateriell kunnskap, kunnskap i kropp, hender og hovud, og ikkje lett å måle i klingande mynt. Bunaden er ein svært viktig del av den immaterielle kulturarven og den kulturelle kapitalen vår. Bunadbruken står sterkt i Noreg slik det er i dag. Det ligg utallige mange arbeidstimar, mykje arbeid og kunnskap bak kvar einaste bunad, og det ville vera ikkje berre harmeleg, men uoppretteleg, om denne kunnskapen skulle forsvinne.

Fem frivillige organisasjonar har gått i bresjen og arbeidd fram ein nominasjonssøknad til UNESCOs representative liste over menneskehetens immaterielle kulturarv, nettopp........

© Tidens Krav