Nei til spleiselag for å redde togbussen

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Er det rett at kommunane på Nordmøre må betale for å få eit kollektivtilbod, mens andre kommunar i fylket slepp å betale for sitt tilbod? Er det rett at fylkeskommunen gir eit betre ferjetilbod på avgangar med få brukarar, mens Nordmøre missar togbussen sin. Nei, meiner vi i Arbeiderpartiet. Difor stemte Arbeiderpartiet mot fleirtalsvedtaket til Høgre, Fremskrittspartiet, Krf og Venstre.

Det har blitt hevda at dette er fogderistrid. Det er det ikkje. Alle dei fem som støtta togbussen er frå Sunnmøre, mens dei to einaste frå Nordmøre støtta ikkje togbussen. Hadde dei gjort det hadde togbussen vore garantert drift utan at dette hadde gått utover kommuneøkonomien til nordmørskommunane. Det å leggje ned togbussen er ein ønska politikk frå H, Frp, V og Krf for å prioritere andre ting. Arbeiderpartiet vil ikkje auke den økonomiske belastninga for kommunane. Kollektivtrafikken er fylkeskommunen sitt ansvar.

Kva blir dei neste?

Kva er det då som er den store skilnaden på fellesforslaget frå Arbeiderpartiet, Sp, Sv og Kyst og distriktslista frå H,........

© Tidens Krav