Hinder for deltaking i idretten og samfunnet

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Over 100.000 barn og unge i Noreg bur i familiar med vedvarande lav inntekt. Vi blir eit fattigare samfunn om barn og unge må velje vekk fritidsaktivitetar pga familiane sin økonomi. Dette er ikkje berre ei utfordring for idretten, men for heile samfunnet.

Dei fleste av oss har vel minst éin gong i livet kjent på frustrasjon ved å ikkje høyre til. Å kjenne på utanforskap eller manglande integrering set merker som kan prege ein seinare i livet. Alle menneske har eit grunnleggande behov for å høyre til i eit fellesskap.

Norsk idrett sin visjon er «Idrettsglede for alle». Organisasjonen som i dag heiter Norges idrettsforbund og paraolympiske komité, vart starta i 1861. Vi har no 1.862.007 medlemskap fordelt på ca. 9045 idrettslag rundt om i Noreg. Idretten er ei sterk utviklingskraft i samfunnet!

Dyrtida

Eit idrettsanlegg er ein stad å drive idrett og ein stad å høyre til. Idrettsanlegg er ikkje berre ei aktivitetsflate, men også eit samlingspunkt der barn, unge og vaksne dannar og ivaretek sosiale relasjonar livet ut. Mangel på anlegg er ei stor utfordring for samfunnet. 26 % av idrettsråda i Noreg svarte i 2022 at dei veit om idrettslag som har ventelister og må avvise barn og unge som ønsker vere med. Med dyrtida vi har erfart etter den tid, er det dessverre grunn til å tru at talet har auka.

Anlegg er idretten sitt absolutt viktigaste rammevilkår. Norsk idrett ønsker at det offentlege bygg anlegg for å legge til rette for god folkehelse, så kan........

© Tidens Krav