Ingen har påstått at skulegudstenester er skadelege
Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Den norske Grunnlova krev ikkje at skulen eller samfunnet skal vera kristent, eller at kristendom skal ha forrang i offentlege institusjonar. Grunnlova §16 understrekar tvert imot at alle trus- og livssynssamfunn skal behandlast likt.
Dette samsvarer med Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 9, som Noreg har slutta seg til, og er eit grunnprinsipp i det livssynsopne samfunnet. Å antyda at Grunnlova skulle påleggja kristne tradisjonar i skulen eller gi dei forrang, er ganske enkelt feil.
Kolbjørn Gaustad synest å meina at kritikarane av skulegudstenester og andre kristne praksisar hevdar at dette er skadeleg. Men ingen har påstått at skulegudstenester er skadelege for elevane, slik han prøver å tillegga kritikarane. Dette er ein stråmann.
Misvisande
Debatten handlar om likebehandling og nøytralitet, ikkje om skadeverknader. Poenget er at skulen skal vera inkluderande for alle, uavhengig av religiøs tilhøyrsel. Ein forkynnande skule er ikkje ein skule for alle. Når skulen legg opp til religiøse ritual i skuletida, utfordrar det prinsippet om at skulen skal gi kunnskap om religionar – ikkje praktisera dei.
Det er også misvisande å framstilla kravet om likebehandling som eit krav sett fram primært for å komma tilflyttarar i møte. Kravet om lik behandling gjeld alle borgarar, og i Noreg oppgjer fleirtalet at dei ikkje trur på Gud. Det livssynsopne samfunnet er ikkje eit resultat av innvandring, men av eit mangfald som allereie finst blant nordmenn. Dette handlar om ein........
© Tidens Krav
visit website