Det handlar ikkje om grendaskular

Meninger

Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Surnadal kommune inviterer til «dialogmøte» om skulestruktur. Kva inneber det?

Media siterer oppvekstsjefen på at foreldre og lokalsamfunn «kan få bidra med innspel og refleksjonar», at barn og unge sine stemmer er viktige og at «elevråd og ungdomsråd vil bli høyrt».

Har fått klåre signal

Men har ikkje signala frå lokalsamfunn, foreldreråd og elevar i lang tid kome tydeleg fram? Enn dei pedagogiske fagfolka ved skulane? Enn dei i bygdene som ser konsekvensane langt ut over innsparing på smale samfunnsområde? Dialogmøte hørest fint og bra ut. Men signala frå dei nemnte gruppene er jo udiskutable!

På desse møta presenterer kommunen tre alternativ. Slik ein forstår, gjeld alle nedlegging av skular. Er dette å ta dei berørte på alvor? «Berørte» er jo heile bygdesamfunna - langt utover skulane: Busetnad, næringsliv, kulturliv, reiseavstandar, tilhørighet, identitet - i det heile alt som har med heime- og oppvektsmiljø å gjera.

Kommunen har henta inn ekspertråd. Men desse har ikkje og tek ikkje ansvar for den samansette heilskapen som bygdesamfunna Mo, Åsskard, Todalen og Stangvik har utgjort gjennom mange hundreår. Dei bryr seg ikkje om det som blir rasert ved kortsiktig økonomisk innsparing.

Kva respekt?

Det gjer derimot alle som i arbeid og fritid, med innsats, evner, kreativitet og visjonar held bygdene i gang. Eitt av hundretals eksempel: Akkurat no satsar unge bønder her i Bøfjorden store millionbeløp på fornying og modernisering av gardane sine. Og det med optimistisk tru på ei god framtid for eksisterande og nye........

© Tidens Krav