Skattepolitikk = Næringspolitikk

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

«Det er mer skattepolitikken enn næringspolitikken. Jeg opplever at næringspolitikken har vært mer fremoverlent og aktiv enn på lang, lang tid.»

Slik svarer vår nye næringsminister Cecilie Myrseth (Ap), når ho blir konfrontert med at regjeringa blir skulda for å føre ein «næringsfiendtleg» politikk (nettstaden Altinget, 8/5).

Slik demonstrerer også Næringsministeren hovudproblemet med Ap/Sp-regjeringa for norsk næringsliv: Det er ei regjering der kvar statsråd styrer med sitt. Og omsynet til næringsliv og arbeidsplassar landet rundt står langt nede på dagsorden for dei fleste av dei - herunder Finansministeren.

Må legge ned

For skattepolitikk ER næringspolitikk. Når denne regjeringa i praksis har dobla eigarbeskattinga for norske private bedriftseigarar, har innført uforståelege og heilt uventa nye straffeskattar på tilsetjing av arbeidstakarar med høg utdanning (ekstra AGA på høge lønningar) og no også varslar ein ny exit-skatt for å stoppe den dramatiske kapitalflukta ut av Noreg som regjeringa sin øvrige skattepolitikk har ført til – så ER det næringspolitikk. Uansett om det er Finansministeren som formelt sett har ansvaret, ikkje........

© Tidens Krav