menu_open
Columnists Actual . Favourites . Archive
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close
Aa Aa Aa
- A +

Kutt særskatten på norsk eigarskap

14 0
previous day

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Lokalt forankra eigarskap betyr at meir av verdiane kjem lokalsamfunna til gode. Venstre vil ha eit mangfald av bedrifter med lokalt eigarskap, bygd på lokal skaparkraft og bankande hjarte for folk og lokalsamfunn. Det er ein berebjelke i norsk distriktspolitikk.

Då kan vi ikkje lenger – som eitt av dei siste landa i Europa – ha ein sær-straffeskatt på lokalt eigarskap av bedrifter kontra utanlandsk: Formuesskatten på arbeidande kapital.

Forsvinn i skatt

Dei siste 2-3 åra har det blitt stadig meir fornuftig, sett med eit «kaldt blikk utanfrå», for ei distriktsbedrift med små marginar og ein evig kamp for å halde hovudet over vatnet, å skaffe seg utanlandske eigarar framfor norske.

Det kjem av at særskattane på norsk lokalt eigarskap av bedrifter kontra utanlandsk eigarskap, i praksis har blitt dobla på tre år. Det er med andre ord ein villa politikk frå dagens Ap/Sp-regjering, heia fram av SV og Rødt. Ein ny studie syner at Noreg no har den høgaste samla eigarbeskatninga av noko land i OECD.

Overalt kor eg for tida reiser i Norge og besøker bedrifter, i by og bygd, er fortvilinga over dette stor. Det handlar ikkje om at dei mange «små bedriftseigarane» er uroa over om dei sjølve skal ha til salt i grauten. Dei klarer seg – personleg. Men pengane dei før har kunna bruke til å utvikle bedrifta, investere i framtida, hjelpe lokale grunderar eller sponse det lokale idrettslaget – dei forsvinn no i staden inn som skatt til Trygve Slagsvold Vedum (Sp) sitt Finansdepartement i Oslo.

I lengda går ikkje dette. I lengda kan ikkje bedrifta overleve viss ho stadig blir tappa for framtidskapital for å dekke ei stadig høgare skatterekning til ein stadig større stat. Og viss ikkje bedriftene overlever, så handlar........

© Tidens Krav


Get it on Google Play