«Ikkje berre merkeleg, men uhaldbart» |
Når heile kommunen ikkje vert teken i bruk
– Ingen har nokon gong hevda at Frekhaug ikkje bør utviklast fordi det konkurrerer med Knarvik. Kvifor skal då Fyllingsnes behandlast annleis, spør Trond Lomsøy.
Du les no ein meiningsartikkel. Han uttrykker skribenten si meining.
Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)
Lesarbrev: Med fem minutt køyring er det akseptert med to handelssenter, i dette tilfellet Knarvik senter og Frekhaug senter. Det er nemleg uproblematisk at desse konkurrerer med kvarandre.
Slik er det ikkje om vi kastar blikket på Eikangervåg/Fyllingsnes. No skal visst etableringar vere problematiske i dette området fordi Eikangervåg/Fyllingsnes «konkurrerer» med Ostereidet. Om dette er korrekt, er det ikkje berre ein merkeleg argumentasjon – han er heller ikkje haldbar.
Frå YX-stasjonen i Eikangervåg til Ostereidet kro er det 8,1 kilometer og ni minutt med bil. Det er nesten dobbel avstand samanlikna med Knarvik–Frekhaug. Ingen har nokon gong hevda at Frekhaug ikkje bør utviklast fordi det konkurrerer med Knarvik. Kvifor skal då Fyllingsnes behandlast annleis?
Planen for Stemmemyra vart godkjend for meir enn 15 år sidan. I alle desse åra har vi vore hindra av rekkjefølgjekrav knytte til gang- og sykkelveg. No, når dette prosjektet – til ein verdi av 200 millionar kroner – endeleg skal realiserast, dukkar det opp politikarar og kommunalt tilsette som meiner at utbygginga ikkje bør gjennomførast fordi ho konkurrerer med Ostereidet.
Eg er fullt klar over at Ostereidet er definert som nærsenter. Likevel er det tillate med omfattande utbygging langs fjorden på Leknes, Hjelmås og Hillesvåg – utan at dette vert sett på som eit problem for nærsenterkonseptet.
Det verkar difor som om argumentet om «konkurranse» vert brukt selektivt. Det er vanskeleg å forstå kvifor eit område med godkjende planar, god infrastruktur og eit reelt behov for utvikling skal stoppast på eit så svakt grunnlag.
Kommunen bør vere oppteken av heilskapleg utvikling, ikkje av å skape kunstige barrierar mellom bygdene. Fyllingsnes fortener dei same mogelegheitene som andre delar av kommunen. Utvikling må skje der folk faktisk vil bu, og det er ikkje lenge sidan kommunen ivra for å «ta heile kommunen i bruk».
Eg er klar over at både statsforvaltaren og fylket held fast ved at vidare utvikling skal styrast mot Knarvik og Frekhaug. Likevel er det på tide å løfte blikket og sjå kva folk faktisk ønskjer seg.
Mange familiar drøymer om einebustad, tomannsbustad eller rekkehus – ein heim med litt luft og grønt gras rundt seg, ein stad der ungane kan springe ute, og der ein slepp å bu trongt. For svært mange er det heilt uproblematisk å køyre eller ta buss i 13 minutt frå Knarvik for å få dette til. Det er ikkje eit hinder, men ein naturleg del av kvardagen.
Når etterspurnaden er så tydeleg, bør ikkje planlegginga spegle verkelegheita? Skal vi verkeleg presse alle inn i dei same områda, når vi veit at bustadønska er langt meir varierte?
Det er på tide å lytte til innbyggjarane – ikkje berre til kart og retningsliner. Og å ta heile kommunen i bruk – i praksis.
Trond Lomsøy Dagleg leiar i Alver tomteselskap
Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)