«Dette meiner eg er feil»
Fleirtal for lærarnorm på skulenivå, men med bismak
– Elevane skal ikkje lide fordi kommunen slit med eigne prioriteringar, skriv Torgeir Arne Lid i Utdanningsforbundet i Alver.
Hovudtillitsvalt skule for Utdanningsforbundet i Alver
Kva vil du bidra med? Send inn her!
Lesarbrev: Det er svært gledeleg at eit fleirtal i formannskapet i Alver heldt fast ved lærarnorm på skulenivå. Vi takkar dei som stemde for – de har valt kvalitet og tryggleik framfor budsjettknep. Men bismaken er der, for debatten viste dessverre at ikkje alle forstår kva lærarnorma faktisk handlar om.
Lærarnorma er ikkje luksus – ho er nødvendig for å sikre forsvarleg drift
Lærarnorma er eit minimum. Ho sikrar at elevar får tilgang på lærarar i eit omfang som gjer læring, relasjonar og oppfølging mogeleg.
Med norm på kommunenivå, slik nokre foreslo, vil ein i praksis skjule store interne skilnader: medan totalen ser akseptabel ut, kan einskilde skular sitje att med for få lærarar og for store grupper.
Dette vil føre til dårlegare oppfølging og lågare kvalitet i undervisninga. Det er nettopp difor Danmark går i motsett retning og styrkjer lærarnorma si, både ved å skjerpe rammer for klassestorleik og ved å tilføre fleire lærarar (1 pr. 14 barn) inn i det daglege skulearbeidet.
Danskane har sett konsekvensane av for store grupper, for høge krav og for lite bemanning. Det burde også vere eit varsku for politikarar her heime.
Representant Ingrid Duesund Fjeldsbø hevda at ein ekstra elev i ein klasse på 15 elevar, ville løyse ut ein ekstra lærar dersom norma er på skulenivå. Dette meiner eg er feil.
Norma på skulenivå er i gjennomsnitt 1 lærar per 15 elevar på 1.–4. trinn.
Norma på skulenivå er i gjennomsnitt 1 lærar per 15 elevar på 1.–4. trinn.
I gjennomsnitt 1 lærar per 20 elevar på 5.–7. trinn
I gjennomsnitt 1 lærar per 20 elevar på 5.–7. trinn
I gjennomsnitt 1 lærar per 20 elevar på 8.–10. trinn.
I gjennomsnitt 1 lærar per 20 elevar på 8.–10. trinn.
Dette handlar om totalressursen på skulen – ikkje om automatikk på klassenivå.
Endå meir urovekkjande er det når ho avfeiar heile ordninga som «berre ei norm». Det er ei haldning som undervurderer både lærarane sitt arbeid og elevane sitt behov for trygge rammer.
Lokal råderett fungerer ikkje når ein misbruker ho
Nokre representantar argumenterte for lærarnorm på kommunenivå, fordi «kommunen kjenner behova best».
Vel – budsjettvedtaket 18.12.25 viste tydeleg at fleire ikkje nøler med å bruke midlar som er meint for barn og unge til å tette hol i kommuneøkonomien. Difor treng vi ein norm som vernar skulen når økonomien svingar. Elevane skal ikkje lide fordi kommunen slit med eigne prioriteringar.
Lovnader før valet må haldast i kommunestyret
Vi vil også minne om at dei fleste parti før valet gav klare lovnader om å behalde lærarnorm på skulenivå.
Når saka no kjem opp i kommunestyret, tek vi det som sjølvsagt at desse lovnadene blir halde.
Alver sine barn og unge fortener at vi set kvalitet først – ikkje sist. No ventar vi på at kommunestyret stadfestar det formannskapet starta på: Lærarnorm på skulenivå skal stå fast.
Torgeir Arne Lid – Hovudtillitsvalt skule
For Utdanningsforbundet i Alver
