Meiner Statnett fråskriv seg ansvar i kraftlinje-debatten |
Lesarbrev: «Forsyningstryggleik, forsyningstryggleik, forsyningstryggleik». For dei som har vore til stades på møter med Statnett, sit dette mantraet som ein pinne i kusjit. Me strilar veit kva det tyder, og me kjenner også uttrykket om når sjiten ikkje heng på greip.
For Noreg er det ekstremt viktig med stabil, føreseieleg og rimeleg straum. Den nye 420 kV linja som er planlagd frå Samnanger til Kollsnes skal bidra til nettopp dette. Og forsyningstryggleik.
Paradokset i dei vala som Statnett har snevra inn og sendt til NVE, er at linja går heiltrekt utan transformator eller andre formar for stasjon/kablingspunkt til Kollsnes. Det vil sei at dersom det vert brot ein stad på linja mellom desse punkta vert det bekmørkt i Bergen.
I det som var det føretrekte alternativet........