«Alver treng fleire barnefamiliar – ikkje berre fleire omsorgsbustader»

Alver treng fleire barnefamiliar – ikkje berre fleire omsorgsbustader

«Alver treng ein bustadpolitikk som byggjer sterke lokalsamfunn, gir rom for lokale aktørar og gjer kommunen attraktiv for nye generasjonar», skriv gruppeleiaren i Alver Sp, Torgeir Andvik i denne meininga.

Du les no ein meiningsartikkel. Han uttrykker skribenten si meining.

Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)

Lesarbrev: Bustadpolitikk er samfunnspolitikk. Kvar me byggjer bustader, kva slags bustader me byggjer og kven vi legg til rette for, formar utviklinga av kommunen vår i fleire tiår framover.

Difor er bustadplanen, som no ligg til politisk handsaming ei viktig sak for Alver.

Senterpartiet meiner likevel at planen bommar på det viktigaste spørsmålet: Korleis skal Alver bli ein meir attraktiv kommune for barnefamiliar?

Den største utfordringa kommunen står overfor er ikkje berre fleire eldre. Den største utfordringa er folketalsutviklinga og alderssamansetninga i befolkninga. Vi veit at fleire skular i kommunen har ledig kapasitet. Samtidig ser vi at einebustader og tomannsbustader ofte blir selde langt over takst når dei kjem på marknaden.

Det viser at etterspurnaden etter familiebustader er stor. Folk ønskjer å bu i Alver og etablere seg her med familie.

Likevel handlar mesteparten av bustadplanen om noko heilt anna. Når ein les planen ser ein at rundt nitti prosent av innhaldet handlar om eldreomsorg, institusjonar og bustadsosiale tiltak.

Det er viktige oppgåver, men det er ikkje ein heilskapleg bustadpolitikk for kommunen.

Samtidig ser vi ei utvikling i Knarvik som mange reagerer på. Dei siste åra har det i stor grad blitt bygd små leilegheiter i sentrum. Resultatet er at mange opplever at Knarvik i aukande grad utviklar seg til ein eldrelandsby.

Bustadplanen gjer i realiteten ingenting for å snu denne utviklinga. Tvert imot legg han opp til å vidareføre henne.

Vi meiner bustadpolitikken må ha eit tydeleg mål: fleire barnefamiliar i kommunen.

Det betyr fleire familievenlege bustader, fleire bustadområde i bygdesentera og ein bustadpolitikk som tek heile kommunen i bruk.

Senterpartiet er også uroa for at retninga i planen kan føre til at små lokale entreprenørar og grunneigarar får mindre rom i bustadutviklinga. Når bustadprosjekt blir større og meir konsentrerte, er risikoen at små lokale aktørar blir skvisa ut medan store nasjonale utbyggjarar får ein sterkare posisjon.

For oss er det viktig at bustadutvikling i Alver også skaper lokale arbeidsplassar og verdiskaping i lokalsamfunna.

Alver treng ein bustadpolitikk som byggjer sterke lokalsamfunn, gir rom for lokale aktørar og gjer kommunen attraktiv for nye generasjonar.

Derfor meiner Senterpartiet at bustadplanen må få ei ny retning.

Gruppeleiar Alver Sp.

PS: Denne saka skal opp i levekårsutvalet tysdag 10. mars.

Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)


© Strilen