«Det ligg store inntekter for ein kommune å byggja ut»
– Denne utbygginga sikrar framtidig vekst og økonomisk utvikling
Det ligg store inntekter for ein kommune å byggja ut og trekkja til seg barnefamiliar, meiner Steinar Haukås.
Du les no ein meiningsartikkel. Han uttrykker skribenten si meining.
Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)
Lesarbrev: Frå 2024 til 2025 er det tatt store steg i Alver aust gjennom oppstart av arbeidet med bygging av ny E39 over Fyllingsnes med topp moderne og trygg gang-/sykkelveg til om lag 200 mill.kr.
Med Statens vegvesen som vegbyggjar er vi garantert gjennomføring og ferdigstilling av dette «bygdeutviklingsprosjektet».
Ved fullført prosjekt, så får bygda ny gang- og sykkelveg på 1,8 km, totalt 3,8 km inkludert det som er på plass i dag.
Og ekstra gledeleg, det vert fysisk skilje mellom gang-/sykkelvegen og bilane........
