«Me kjem til å sakna Svein Roar som ein ven og engasjert og omsorgsfull trenar»

Minneord Svein Roar Kvamme

Svein Roar Kvamme døydde brått og uventa 19. mars 2026. Han vart berre 36 år.

Du les no ein meiningsartikkel. Han uttrykker skribenten si meining.

Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)

Svein Roar Kvamme har i mange år vore ein aktiv mellom- og langdistanseløpar, i tillegg til at han vore ein høgt verdsett instruktør og inspirator for mange.

Han starta friidrettskarrieren sin i AKS 77, i den mest aktive perioden sin stilte han for IL Norna-Salhus. I dei siste par åra har han, som er oppvaksen i Alversund, representert Eikanger IL etter at han busette seg i området til laget vårt.

Dei personlege rekordane hans er 4.07,0 på 1500m (2011), 8.31,13 på 3000m (2017), 14.46,81 på 5000m (2017) og 30.56,2 på 10 000m (2018). I fjor haust debuterte han i Oslo maraton med den sterke tida 2.36.29.

I toppåret sitt i 2017 sette han også løyperekord i vinterkarusellen på Eikanger. Som den første og einaste har han sprunge løypa der på under seks minuttar. Med tida 5.58 er han seks sekund raskare enn nokon andre har prestert der.

Mange gonger har han hevda seg på topp i løpa til Knarvikmila, mellom anna med siger på 5 km i 2017 og halvmaraton i 2019. I 2027 vann han også Storset Opp.

Til dagleg har han dei tre siste åra vore å treffa som butikksjef ved Bunnpris i Knarvik amfi. Alltid like blid og imøtekomande overfor kundar og tilsette.

Sidan starten på Eikanger IL sitt fotballag for gutar/jenter 2017 i 2023 har han vore trenar for laget. Det var med stor sorg at me fekk melding om at Svein Roar Kvamme har gått bort. Me kjem til å sakna Svein Roar som ein ven og engasjert og omsorgsfull trenar.

Våre varmaste tankar går til familien hans.

Gravferd frå Myking kyrkje tysdag 31. mars kl. 10.30. Minneside for Svein på nordh-bb.no

Stanley Hauge på vegner av Eikanger IL

Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)


© Strilen