«Det vart ein kveld i minneboka»

Korpstonar og bandrytmar i Masfjorden

– Når musikalske krefter samlar seg i Masfjorden rundt eit musikalsk prosjekt skjer det noko heilt spesielt, skriv Renee Kårtveit i Fjon musikklag.

Du les no ein meiningsartikkel. Han uttrykker skribenten si meining.

Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)

Lesarreportasje: Sidan nyttår har Nordbygda skulekorps, Sandnes skulemusikk og Fjon musikklag hatt fokus på eit musikalsk prosjekt initiert av Joacim Gjerdevik som er felles dirigent for korpsa.

Det musikalske prosjektet enda i ein variert og innhaldsrik konsert ein heilt vanleg måndagskveld i ein heilt vanleg gymsal på Sandnes skule.

Bak resultatet ligg det intense øvingar, presisjonsarbeid og vilje til å løfta kvarandre.

Små og store blåsarar har stått side om side, utvikla klang, dynamikk og samspel leia trygt av ein dyktig og energisk dirigent med klare mål.

Parallelt med blåseøvingane for å få korpsa konsert-klare, føregår det planar og rigging med band, gitarsoloar, lyd og lys og vokalistar.

Den store generalprøva blei gjennomført torsdag før helga der alt skulle snikrast saman i ein musikalsk heilskap og sam-sving!

Repertoaret spenner vidt og viser den musikalske breidda i prosjektet.

Eit begeistra publikum får ei reise innom både filmverda, Bach, søta bror, funk og Eggum før dei dansa seg «happy» heimover for kvelden.

Det var rom for både allsong, rockefot og breie smil. Kvelden og konserten blei ynskt velkomen med «Circle of life» som er opningsmelodien i filmen «Løvenes konge» før funken med deilige rytmar slapp til gjennom «Uptown funk».

Den lyriske stemninga tok salen då stykket «A beautiful mind» blei framført etterfølgt av slengbukse-vibbar og ABBA gold der Sofie Lademo Ekren, Marte Kvamme Andersen og Håvard Haugsvær gjorde ein solid vokaljobb framfor storbandet. Kven treng vel slengbuksene når stemninga vert så søt og nostalgisk?

Konferansier Ivar Areklett Garmann losa publikum gjennom denne kvelden som også baud på kafé-buffé i masfjordstil og litt lotterispenning.

I bandet denne kvelden finn ein kjenningane Åsmund Kvinge, Jørn Skauge og Jon Martin Skauge. Sistnemnde saman med Steinar Torsvik Størkersen er som vanleg gode på lyd- og lys, både rigging og styring.

Siste musikalske økt byrja forrykande med eit stykke av sjølvaste Johann Sebastian Bach og «Toccata in D minor» arrangert av Jan van Kraeydonck, der publikum fort blei fanga etter den sosiale minglinga som også er viktig på slike kveldar. Her er det kraft, konsentrasjon og ein dramatisk intensitet.

Etter dette bar det heimover att til eit kjend stykke av ein av heltane her vestpå nemleg «Heksedans» av Jan Eggum. Her var det «vår» eigen helt Arild Haugsvær som stod for vokalen på meisterleg vis.

Det heile vart runda av med stykket «Happy» som automatisk får fram både breie smil, naturlege glad-rørsler og taktfoten.

Modige solistar som står fram. Band og korps smeltar saman i eit heilskapleg lydbilete. Variert og fengande musikk framført med høg energi og ekte speleglede i fellesskap, både liten og stor. Eit samarbeid som viser at saman er me best! Ein fullsett gymsal med sambygdingar på kryss og tvers som let seg begeistra. Ein ekstra stor og velfortent takk rettast den drivande dyktige dirigenten vår, Joacim Gjerdevik.

Dette var meir enn ein konsert. Det vart ein kveld i minneboka i Masfjorden.

Renee Kartveit, leiar i Fjon musikklag

Bileta er tekne av: Lillian Andvik, Frank Kvinge, Linn Andvik Lahti

Bileta er tekne av: Lillian Andvik, Frank Kvinge, Linn Andvik Lahti

Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)


© Strilen