«Maria har full kontroll på dei 14 barnebarna og 26 oldebarna sine» |
Maria Kristina Duesund fyller 100 år
Eit innhaldsrikt liv med lange summere, med trekkspillmusikk og dans innimellom hardt arbeid, fortel barnebarnet Marianne Kvamme Kalstad.
Marianne Kvamme Kalstad
Du les no ein meiningsartikkel. Han uttrykker skribenten si meining.
Kva vil du bidra med? Send inn her! (max 3000 teikn)
Lesarbrev: Besta, Maria, født Maria Kristina Furebotn, vaks opp nettopp i Furebotn. Ei lita bygd inst i Masfjorden, pressa mellom høge fjell og breitt opp mot grensa til det som tidlegare var Sogn og Fjordane.
Frå ho var lita jente, var det hardt arbeid, mellom anna som budeie, der ho passa dyra aleine langt, langt inne i Masfjordfjella heile somrane.
Som ung voksen budde ho i byen og jobba blant anna på Hotel Norge i mange år. Ho har mange historier om dåtidas kjendisar som sjekka inn på hotellet. Om fine fruer og herrar som svinga seg i dansen etter ein lang og fin middag.
Besta fortel om ungdom og lange summere, med trekkspillmusikk og dans innimellom hardt arbeid.
Ho gifta seg og bygde hus på Solheim. Fekk 4........