«Historia, våre barn og barnebarn, vil døme oss» |
Lesarbrev: Ope brev til Alver kommune:
Kva har kommunen gjort til no med «dekk-kyrkjegarden» i Osterfjorden utafor Hjelmås?
Kva er kommunen, fylket og staten sitt ansvar, operativt og økonomisk?
I ein ny forskingsrapport frå NORCE, kan ein lesa:
«…[forskinga] har betydning langt utanfor Vestlands-kommunen. I tillegg til kjemikaliar og tungmetall er det vist at dekk er ei stor kjelde til mikroplast i hava. Ingen veit kva det vil koste å rydde vekk dekka.»
Og Eirik Langeland, direktør i næringsklynga Clean Oceans som har finansiert forskinga i Alver, sa på NRK Vestlandsrevyen 30. oktober 2025:
«Eg etterlyser at ein får finansiert ei opprydding i stor skala. Alt dette bør takast opp. Det som trengst er at politikarane engasjerer seg. Han vonar at Noreg kan bli eit føregangsland for........